La cuisine norvégienne (det norske kjøkken)

   Jeg har lova å introdusere ein kamerat for det norske kjøkken. Her nede er det stort sett delikatessa saumon fumé norvégien, altså røykelaks, som er kjend. Men som sagt..delikatessa.. Som den fattige studenten eg er så kjem eg ikkje til å spandere un repas de classe heller. Samstundes som det gjekk opp for meg at eg ikkje har peiling på korleis eg skal tilberede røykelaks. Eg kunne ha kokt laksen, eventuelt steike han i omnen; men slike lukseriøse reiskap har me ikkje i kollektivet må de tru. Konklusjon: det blir ikkje noko røykelaks i kveld.
   Kjøttkaker i brun saus då, det er jo ganske typisk norsk?! Hente fram Den nye smårutete kokeboken frå hylla og verkeleg slå på stortromma! Vel, eg veit ikkje heilt eg..hadde vel vore greit å ha prøvd ein gong på førehand kanskje..før ein presenterer la cuisine norvégienne for ein kokk.
   Komler er godt forresten! Det prøva eg meg til og med på i Sveits ein gong for Isaline, men om eg ikkje hugsar heilt feil så smaka det meir rå potet enn komla...

   De byrjar kanskje å skjøna kva eg vil fram til: Av mangel på eige initiativ (legg merke til at eg absolutt ikkje legg skulda på andre) har eg rett å slett lite peiling på la cuisine typique de Norvège. Hadde det vore lasagne, pizza, boller, pasta eller salat som stod på ønskelista skulle eg jammen meg ha klart å fått i stand ett bra måltid, men det går nok ikkje under kategorien det tradisjonelle norske kjøkken.

   Ære være Toro risengrynsgrøt og Freia Gele!
  

trivielle gleder

Dei siste vekene har stort sett handla om skulen, og om du har leita etter meg så har du ikkje kikka godt nok bak bøkene..for der har eg vore, under haugen av arbeid.
Haugen er der framleis og han blir berre større og større, men i helga lova eg meg sjølv at eg skulle ta fri, heilt fri frå fransk gramatikk og det som verre er.

Fredag formiddag tok eg derfor toget til Toulouse for å besøke Hege og Marte som studerer økonomi der eit semester via Handelshøgskolen i Bergen. Toulouse er, for alle som ikkje veit det, ein middels stor by i Sør-Aust Frankrike og har fleire innbyggjarar enn Oslo. I mildt haustvêr blei det tur langs elva og kanalen, lang kafélunsj og gode middagar...for ikkje å gløyme shopping!

Det er synn å seia det men; trivielle gleder er også gleder
converse all star eg har shoppa og det gjorde godt :)

Hege og Marte er verkeleg flotte, Toulouse er fin og denne helga var akuratt det eg trengte!
Hege og Marte TUSEN TAKK JENTER!

Thomas og meg

Med skjerfet godt tulla rundt halsen tar jeg meg en liten søndagstur i gamlebyen. Thomas er plugget til og prøver å lære meg how it feels. Jeg er litt treig, met gjør ikke noe.
Noen rosa skydotter fargelegger den ellers klare himmelen. Høsten har kommet til Montpellier og jeg nyter det.


november 2006
ma ti on to fr
    1 2 3 4
5
6 7 8 9 10 11
12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22
23
24 25 26
27 28 29 30