Presidentval

Joda, eg er litt oppdatert i nyhetsbilete.

Medan eg prøver å ta igjen mor mi i "fare for hudkreft" køen og drøymer meg vekk til Pan's Nordland må Fabrice kome seg til stemmelokala om han vil utføre plikta si som sammfunnsborgar og avgi si stemme. Dette blir spanande.
I kveld kjem resultata om kva for to kandidatar frå dei 15 partiene som kjem vidare til neste runde i valet. Etter den store overraskinga om ein høyre - og ein ekstremhøyre representant i andre runde forrige gong er det nok fleire som kjem til å ytre meininga si i første runde i år. Frankrike ligg allereie godt til høgre i stemmetala samanlikna med Noreg.

Med ei kvinne som representant for sosialistane kan Frankrike få sin første kvinnelige president i 2007. Men det er ikkje sjølvklart å sette ei kvinne på toppen av det mannlege politiske hierarkiet. I slutten av valperioden slit ho i tillegg med troverdet i høve til velgarane sine.

Det store spørsmålet er difor om dei venstreorienterte kjem til å stemme "taktisk" eller om dei kjem til å vera lojale mot partiet sitt. Beyrou, ein representat som ligg politisk mellom Sosialisten Royale og høgremannen Sarkozy er på veg framad- marsj! Til dei grader at ein ser for seg Sarkozy og Beyrou i andre runde. I så høve kjem sosialistane til å stemme Beyrou og Frankrike får ein president som ligg midt i det politiske landskapet.

Dette blir spanande!

Kommentarer:
Postet av: Charlotte

Sjallabais snuppå! Ka ti komme du him igjen?

23.apr.2007 @ 18:34

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.blogg.no/trackback/ping/5419836